Pornokampen i Norge på 1970-tallet

Utdrag fra heftet «Anti-pornokampen i Norge gjennom 15 år (1974-1990)» av Torill Enger Karlsnes. Utgitt av Kvinnefronten i Norge.

Pornodebatten i Noreg på 1950- og 60-talet var prega av menn og handla om usedelegheit og ytringsfridom. Pornokampen på 1970- og 80-talet var prega av kvinner, og handla om kvinneforakt og overgrep. Dei mannlege rikssynsarane leia ikkje lenger ordskiftet aleine. Handling kom på dagsorden, og demonstrasjonstoga på 70-talet representerte eit skifte i pornokampen.

Mot porno og kristen seksualmoral

Den nye kvinnerørslas fyrste utspel mot pornoen var ein avisartikkel i Dagbladet i 1974. Nokre nyfeministar hadde vitja Trygve Thorsens sexklubb i Oslo. Birgit Bjerck, Kari Melby og Brita Gulli skriv (Dagbladet 21.2.1974):
«Pornografi er et uttrykk for repressiv toleranse: Visse tabubelagte områder (seksualitet) tillates innenfor visse grenser, og bidrar til å kontrollere mennesker.
Jo mer pornografiens rammer aksepteres, desto vanskeligere blir det å slåss for forandringer. Pornoen er samfunnsbevarende fordi den bidrar til å fjerne noe av dynamikken i menneskelig forandring: Følelser, respekt og solidaritet ( ....)
Når seksualiteten slik er redusert, kan den ganske lett utnyttes på det kapitalistiske marked, - kan kjøpes og selges som en vare».

Samstundes framheva dei tre kor viktig det var å markere avstand til den kristne seksualmoralen:
«Pornografien splitter mennesket i to: En fysisk del og en mental/åndelig del. Den kristne etikken opererer med et liknende skille, men for den er den fysiske delen i veien og skal helst underordnes reproduksjon, og i allefall holdes innenfor ekteskapets rammer. Utenfor denne rammen er seksualiteten synd. Vi tror disse rammene er like ødeleggende som pornografiens rammer er det.»

Spredte aksjoner

Kronikken vakte rabalder og provoserte storleg. Ordskiftet pågjekk ei stund i avisene, og ein del mannlege synsarar heiv seg ut i debatten igjen. Medan mennene polemiserte mot kvarandre og mot den nye kvinnerørslas utspel, byrja kvinnene etterkvart å samle seg kring denne saka. Rundt omkring i landet prata dei saman og grupperte seg. Spredde aksjonar mot pornobutikkar byrja så smått.

Unni Rustad fortel: «Veldig mange kvinner hadde aldri tørt å si noe pga. sanksjoner om hurper, at de var antiseksuelle osv. De få kvinnene som var aktive i debatten, var liberalere.»

1 1976 kom eit utspel frå Norges Husmorforbund. Dei hadde og vore på banen i 60-åras pornodebatt, og påpeika det kvinnediskriminerande med pornografien. Den gongen var dei for få mot dei mektige menn, men no hadde dei ei vaksande kvinnerørsle kring seg. Dei tok kontakt med Narvesen, Norges Kolonialforbund og Justisdepartementet, med henstilling om at det ikkje skulle vera lov å stille ut desse blada.

1977 - eksplosjon i antipornokampen

På førsommaren 1977 fekk antipornokampen fart på seg i den radikale kvinnerørsla. Sexklubbane og massasjeinstitutta vaks opp som paddehattar, og i juni demonstrerte Kvinnefronten mot etableringa av ein slik klubb i Oslo.

Ei anna viktig hending seinare same året, som konsoliderte antipomorørsla, var «Liv og Ranveig-saka». To kvinner på Holmenkollbanen nekta å jobbe med «Alle Menn»-reklame hengande på veggene. Mange støtte opp om kravet, og reiv ned plakatane. Liv og Ranveig vart suspendert frå stillingane sine. Dette utløyste ei massiv protest frå mange ulike kvinnegrupper. 5.000 underskrifter vart sendt styret i Oslo Sporveier. Etter veldig mykje somling med sakshandsaminga fekk dei to kvinnene arbeidet i Sporveien tilbake, men ikkje på Holmenkollbanen. Unni Rustad meiner at denne saka foreinte kampen for kvinners rett til å vere på offentlege stader utan porno.

Omtrent på denne tida hadde og Kvinnefronten i Skien konfrontasjon med Trygve Thorsen frå Oslo, som ville starte sexklubb i byen. På opningsdagen møtte det opp 1.000 demonstrantar ! Sexklubben vart det aldri noko av.

Pornobåla flammer

I Oslo flamma no det fyrste pornobålet frå kvinnerørsla. I slutten av august 1977 brann det bål utfor ein pornobutikk på Grunerløkka. Ein gjeng med jenter kring Kvinnefronten sto bak. Like etterpå vart det eit kjempebål på Egertorvet. Det samla seg omlag 250 menneske kring aksjonen.

Utover hausten vart det pornobål over heile landet, og i Oslo var det ei tid sikkert ikkje meir enn ei veke mellom kvart bål. Desse båla førte til ein eksplosjon i media. Ikkje ei avis i det ganske land lot vere å skrive om porno. Kvinneaktivistane vart ikkje sikta for noko under desse pornobålaksjonane. Eit par arrestasjonar grunna ulovleg bruk av megafon var det einaste. Dette fortel oss ganske mykje om pornobransjens folk, kor lite gjerne dei ville ha politiet innblanda i sine saker. Og det fortel oss om krafta kvinnerørsla byrja å få kring dette spørsmålet. Det einaste politiet gjorde var å åtvare mot pornomafiaen, dei var farlege! Desse gutane lot heller ikkje vere med å truge aktivistane. I Oslo vart det open fotografering av kvinnene, med trugsmål om hevn og at dei skulle knusast. Men desse kvinnene hadde endeleg vorte handlekraftige, og dei lot seg ikkje skreme. Motet desse kvinnene viste, står det enormt respekt av.

Unni Rustad: «Det spennende da var at det ikke fantes noen grense mellom militante Kvinnefrontere og ærverdige dommere. Vi fikk støtte fra allslags kvinner. De som sier at vi bruker for rabiate metoder, må gå til historia og lære av Sufragettene*. Vi måtte brenne pornobål for å bli hørt. De eneste som blei skada av disse metodene, var pornomafiaen.» 

Kvinnenes fellesaksjon mot pornografi

Meir skulle skje i gullåret 1977. Den 26. oktober møttes 30 ulike kvinneorganisasjonar på initiativ frå Senterkvinnene. «Kvinnenes fellesaksjon mot pornografi» vart danna. I eit opprop fekk Kvinnenes Fellesaksjon mot pornografi si plattform: 
«Kvinnesynet i pornografien er sykt og nedverdigende. Kvinnene blir redusert til et sex-, volds- og salgsobjekt. Pornoindustrien tjener store penger på å spre stadig råere, mer sadistisk og abnorm porno. Pornografisk utnyttelse av barn er det siste. Vi vil reise en opinion mot pornografi og derigjennom påvirke myndighetene. Menneskeverd, likestilling, hensynet til individets personlige integritet er nøkkelord i kvinnenes kamp mot pornografi. Denne kamp er ikke av ny dato. Det har også tidligere vært sterk motstand - både blant kvinner og menn - mot utnytting av kvinner som seksualobjekt og mot sadistisk og voldsfremmende pornografi. Vi vil understreke at vår aksjon ikke må bli tatt til inntekt for motstand mot sunn seksuell frigjøring, heller ikke som fremstøt mot trykkefriheten, men mot en trykkefrihet brukt helt uten sosialt ansvar.» 

På denne plattformen reiste aksjonen åtte krav:

  1. Nei til salg av kvinnekroppen
  2. Forbud i markeds- eller likestillingslova mot kvinnediskriminerende reklame og reklame for porno 
  3. Ja til seksualopplysning, nei til porno 
  4. Stans salget av halvpornografiske blad gjennom Narvesen 
  5. Stans salget av halvpornografiske blad gjennom dagligvarehandelen 
  6. Skikkelig håndheving av forbudet mot hardporno 
  7. Et klarere språk i lovene, raskere og enklere håndheving av lovene 
  8. Nei til pornoens utnytting av lesbiske og andre seksuelle minoriteter 

Skulering, bevisstgjering, organisering

Det aksjonen brukte mykje tid på frametter var skulering, bevisstgjering og organisering. 

Alminnelege kvinner skulle kome saman der dei budde og danne grupper for pornofrie kommunar. Unni fortel at dei ikkje då arbeidde for å endre lova. Dei ville vise kvinnene rundt i Noreg at verda kunne endrast av heilt vanlege folk. Det vart etterkvart masse bygdegrupper. Anmeldelsesaksjonar, underskriftskampanjer og krav om pornofrie kommunar, er kva Kvinnenes Fellesaksjon haldt på med desse åra. Det vart øva ein god del press mot Narvesen på ulike vis, og sendt ut «FY-kort»-aksjon mot pornohandlarane. Den 17. januar 1979 fekk me Noregshistorias hittil største pornobeslag. Leif Hagen-imperiet i Oslo vart tømt for 16 tonn med pornografi, derav 98.000 pornoblad og 18.000 filmer. Allereie dagen etter var hyllene fyllt opp igjen i Hagens hovudutsal. I november 1979 vart han dømd til seks månaders ubetinga fengsel, og vart frådømd retten til å drive forretningsverksemd i Noreg dei neste fem åra.

Same året vart det samla inn 42.000 underskrifter til støtte for krava til Kvinnenes fellesaksjon.

2.4 Frå Kvinnenes Fellesaksjon - til Fellesaksjonen mot Pornografi og Prostitusjon
I mai 1981 vart Kvinnenes Fellesaksjon omdanna til Fellesaksjon mot pornografi og prostitusjon. Samstundes med at aksjonen utvida til og å bekjempe prostitusjon, vart det eit leiarskifte. Anna Louise Beer frå Det Liberale Folkeparti gjekk av, og Unni Rustad frå Kvinnefronten vart leiar.

Her begynner en ny fase i antipornokampen i Norge. Vil du lese mer? Se litteraturtips

 
 
 
 

 

© KILDEN 2003. Spørsmål om opphavsrettigheter rettes til KILDEN.