Utdraget som følgjer er henta frå «Sirene, eit feministisk alternativ til vekeblada?», ei hovudoppgåve levert ved Institutt for nordisk språk og litteratur ved UiO i 1978 av Turid Kleiva. På den tida vart det gjort ein del analysar av populærkulturen, særleg av innhaldet i vekeblada. I oppgåva går Kleiva gjennom stoffet i Sirene og konkluderer med at det er eit alternativ til vekeblada, utan å vere popuærlitteratur. Ho skriv at Sirene er eineståande; eit variert og underhaldande politisk magasin som dekkjer ei av dei mest aktuelle politiske sakene – kvinnekampen.

Sirene, eit feministisk alternativ til vekeblada

Sommaren 1973 ryktest det at Cappelen Forlag skulle gje ut eit nytt kvinneblad. I september fekk vi det fyrste prøvenummeret i handa. Sirene heitte det, redigert av kjende feministar, «Den undertrykte Liv Ullmann» på framsida. Vi nyvekte kvinnefrigjeringsaktivistar tok imot det med rørande glede. Det var noko for oss, laga av våre eigne. Endeleg eit kvinneblad som ikkje var «kvinner og klær»!

[...]

Sirene ser ut til å stå i eit skjeringspunkt mellom populærlitteratur og kvinnelitteratur. I forma liknar det mykje på vekeblada, men det er klart at innhaldet må vere ein del annleis. For ein litteraturstudent med særskild interesse både for kvinnesak og populærlitteratur, er Sirene eit svært nærliggjande objekt for ei gransking. Kva er eigentleg Sirene? Korleis er det oppbygt? Kva står det for? I kva grad liknar det på vekeblada? Med tankar om at Sirene er eit slag feministisk populærlitteratur tok eg til på arbeidet. Undersøkinga omfattar bladet frå starten i 1973 til utgangen av 1976, i alt 31 nummer på til saman 1232 sider.

Ein stor del av oppgåva tek for seg novellene i Sirene. Sirene vart eit forum for mange kvinner som ville prøve å skrive skjønnlitteratur. Novellene er stort sett frå norsk samtidsmiljø, særleg frå privatsfæren, og forma er oftast realistisk. Dei skil seg klart frå vekebladnovellene, men er ikkje programmatisk feministiske.

Kjønnsrollemønsteret i vekeblada

Alt i utvalet av stoff til ulike vekeblad ligg det ei vurdering av korleis kvinner og menn er, og kva dei interesserer seg for. Kvinneblada byr på kjærleik og huslege syslar, mannsblada på krig, sport og sex. Sidan eg seinare skal undersøke eit nytt blad for kvinner, er eg mest interessert i kva kvinneblada seier om kjønnsrollene. Novellene i desse blada har oftast kvinneleg hovudperson. Personskildringa er stereotyp og viser eit gjennomført tradisjonelt kjønnsrollemønster. Ein har grovt sett to kvinnetypar, husmortypen og «la femme fatale». Den fyrste er pen og prega av såkalla kvinnelege dygder; ho er varmhjarta, føyeleg, hjelpelaus og nokså ufornuftig. Den andre er sexy, spanande og litt farleg, men likevel underordna mannen som kjønnsobjekt. Mennene skal helst vere støe, sterke og sosialt vellukka, gjerne også erotisk attraktive og pågåande.

Verda i kvinneblada er ei familieverd. Målet til kvinnene er å bli gifte eller, viss dei alt er det, å verne om ekteskapet og familien. Husarbeidet vert ikkje skildra som trivielt og slitsamt. Vekebladhusmora er fyrst og fremst den gode fe i heimen, ho med laurdagskos etter «Coqueline» og overskot til fantasifulle julepakkar. Det er ho som organiserer forbruket i familien, difor er husmorrolla i vekeblada i stor grad ei forbrukarrolle. 

Yrkesdeltaking for kvinner er noko forbigåande, ein ventestasjon før ekteskapet. Yrkeskvinner vert mistenkjeleggjorde. Dei er framstilte som harde og kalde og i grunnen mislukka kvinner.

Vekeblada har vore varsame med å skrive om den nye kvinnerørsla og kampsakene deira. Berre på området seksuell frigjering har dei vist nokså stor interesse. Men at kvinner vert oppmuntra til å nyte seksuallivet, endrar ikkje kjønnsrollemønsteret i nemnande grad, om ikkje andre endringar skjer. Og til større endringar er vekeblada ambivalente: dei flirtar litt med kvinnesaka, samstundes som dei ikkje vil tråkke lesarane sine på såre, antifeministiske tær. 

Presentasjon av stoffet i Sirene

Sirene - vekeblad med 12 nummer i året?

Det synest ikkje utan vidare klart at ein kan samanlikne Sirene med vekeblada for kvinner. For det fyrste: Sirene er ikkje noko vekeblad, det kjem ikkje ut kvar veke, men månadleg (for 1976: 8 gonger i året). 

[...] 

Sirene manglar også den fargerike utsjånaden til vekeblada. Likevel meiner eg ei samanlikning kan gjerast og grunngjevast.

Hovudsaka er at Sirene sjølv frå fyrste stund har sett det som eit mål å verte eit alternativ til vekeblada. I den fyrste leiaren (nr. 1, 1973) heiter det:
«Vi ... vil lage et blad som angår oss ... Vi var lei av å lese i ukebladene ... Vi håper Sirene kan bli et alternativ til ukepressens bevisste påvirkning til den tradisjonelle kvinnerollen». 

Også andre oppfatta bladet slik. A-magasinet seier f.eks. om Sirene at dei «har sprengt en bresje i ukepressens kompakte, roseduftende havehekk».

[...]

Redaksjon og program

[...]

Bladet har ingen fast redaktør. Fordi Postverket krev det, set dei opp ein person som ansvarleg for kvart nummer. Fram til nr. 5, 75 var det same personen, men etter den tid har vervet gått på omgang. Redaksjonen opplyser at ordninga med ein ansvarleg person er reint formell. Bladet er og har vore kollektivt leia, eit viktig drag ved feministisk organisering. Til vanleg har redaksjonen hatt 6 -7 medlemer. I alt 12 personar har vore med i kortare eller lengre tid. Av desse har det vore berre ein mann, og han var med i 1 /2 år. (1) Av dei som var med og starta bladet, er der enno fleire att i redaksjonen; Brekken, Biong, Rolfsen og Strømholm har vore med heile tida. Bjørg Vik og Bitten Modal sat i redaksjonen i 2 1 /2 år. Ida Lou Larsen har vore redaksjonssekretær sidan ho kom med i nr. 6, 1974. 

[...]

Programmet finn vi uttrykt i leiaren i det fyrste bladet (1.73). Her legg redaksjonen fram bakgrunnen for å starte bladet, og tankar om kva dei vil med det. Bakgrunnen er klar; dei ser seg som del av den internasjonale kvinnerørsla og seier frå at alle i redaksjonen reknar seg som feministar. Som før nemnt vil dei vere eit alternativ til vekepressa. Dei vil lage eit blad «om vår hverdag og hvordan vi kan forandre den». Vidare heiter det: «Sirene er ment å bli en håndsrekning og et bindeledd for alle dem som går ensomme med sitt opprør». Systersolidaritet er eit nykelord, og leiaren legg vekt på at bladet vil bli avhengig av at mange, mange kvinner er med og arbeider for Sirene, sender inn brev, noveller, artiklar osb. Og: «Menn er selvfølgelig velkomne til å skrive i bladet». Redaksjonen legg vekt på at bladet ikkje skal vere «en dyster, gravalvorlig publikasjon», nei, det skal bringe humor og pågangsmot.

I kvart einaste nummer til og med 7.74 hadde Sirene eit motto trykt på ein lett synleg stad i bladet. Det lydde slik: «Vi er klar over at ikke alle kvinner føler seg undertrykt, men vi vet at de er det. Ingen føler seg undertrykt før de har en drøm, en visjon om noe bedre». Dette mottoet viser at Sireneredaksjonen var klar over at mange ville gå til åtak på grunnlaget deira, at dei ville hevde at bladet var unødvendig, rett og slett fordi kvinner ikkje er undertrykte. Mottoet peikar på ei viktig oppgåve som Sirene var meint å måtte få: å gjere kvinner og menn klare over kva undertrykking er, og kanskje også gje dei visjonen om frigjeringa - til «noe bedre». Også namnet spelar på den vekkjande funksjonen. Når ein kallar eit blad Siren ,har ein ikkje tenkt å gå stilt i dørene!

Ideen med bladet kan oppsummerast slik: Sirene var meint å vere:

  1. eit blad som vekte folk til kamp mot kvinneundertrykkinga 
  2. eit bindeledd mellom (feministiske) opprørarar 
  3. eit alternativ til påverknaden frå vekepressa 
  4. ei kjelde til mot og humør. 

Dette skulle skje gjennom: 

a) stoff frå «vår hverdag» 

b) lesarprodusert stoff (av kvinner og menn) 

c) varierte stofftypar: artiklar, noveller, teikneseriar, osb.

[...]

Politisk syn

Kvinnepolitikk

Sirene-leiarane tek opp kvinnesak på to nivå. Dei arbeider med jamstellingssaker, og dei har vyar om den langt meir omfattande kvinnefrigjeringa. Det er enno langt att til kvinna er jamstelt med mannen. Dels er det formelle hindringar i vegen, dels er hindringane på holdningdplanet. Sirene ivrar i leiarane sine for at kvinnene skal jamstellast med mennene på alle område: i arbeidslivet, i offentlege ombod, i idretten osb. Dette tek dei oppatt gong på gong. I nr. 3.75 går dei inn på dei mange krava som må settast før kvinnene får same retten som menn til å ha løna arbeid. Det er krav som fleire daginstitusjonar for born, rett til løn ved fråver når borna er sjuke, avskaffing av skatteklasse 2, kortare arbeidstid for småbarnsforeldre osb. Dette er krav store delar av kvinnerørsla står bak. For, som det heiter i leiaren: «Vi mener at økonomisk uavhengighet er en forutsetning for kvinnens frigjøring.» Men det er ikkje den einaste føresetnaden Sirene legg vekt på. Vidare i leiaren heter det: «Vår fulle deltakelse i arbeidslivet betyr ikke nødvendigvis at vi dermed er frigjort.» Kampen mot menns og kvinners kvinnediskriminerande holdningar er viktig for Sirene. I nr. 3 .73 skriv dei om «kampen for kvinnens menneskelige frigjøring»:

 

«At det først og fremst er en kamp om holdninger, dypt inngrodd i de fleste av oss, uansett kjønn, oppdager enhver som utforsker vedtatte normer og bryter med kjønnenes tillærte oppgavemønster.»

Her verkar det som om dei meiner det er viktigare å forandre holdningar enn å arbeide for endra materielle kår. Det stemmer ikkje heilt med den vekta dei elles legg på materielle endringar.

Korleis tenkjer Sirene seg den vidare frigjeringa? Samanfattande utsegner om dette kan ein knapt finne. Men gjennom å halde saman dei leiarane redaksjonen sjølv har skrive og dei utdraga av bøker som dei har funne verdige til å stå på leiarplassen, kan ein få eit nokolunde heilskapleg bilete. Sirene er oppteke av at kvinner har eigenskapar og verdiar som dei må halde på også når dei gjer opprør mot kvinnerolla. «Women are wonderful», siterer dei etter dei amerikanske feministane. Dei framhevar solidariteten mellom kvinner, m.a. ved at dei ofte omtalar kvinner som systrer. Ein viss aggressivitet mot menn kan nok sporast i fleire leiarar, og dei gjer i stor grad mennene ansvarlege for den situasjonen verda er i i dag. Sirene ser mykje godt bort frå klassedelinga i samfunnet; at nokre menn herskar, medan andre er undertrykte og at også nokre kvinner er herskarar. Det verkar som om dei set ideen om patriarkatet og kjønnskampen over ideen om klassesamfunnet og klassekampen. I nr. 3.76 trykkjer dei som leiar eit utdrag av boka «Sisterhood is powerful» av Robin Morgan, og dei gjev klart uttrykk for at dei meiner det er viktige ord ho kjem med. Morgan skriv m.a.:

«For meg er sexisme 1) roten til all undertrykkelse; og inntil, og med mindre vi får rykket sexismen opp med roten, vil den fortsette å forgrene seg i rasisme, krig, klassehat, konkurranse, økologisk katastrofe og økonomisk utbytting» (s. 2).

Så klart finn ein ikkje slike tankar uttrykt i andre leiarar, men ein finn heller ikkje utsegner som går imot dette, f.eks. ved å seie at kvinnekampen må underordnast eller førast saman med kampen for frigjering av arbeidarklassa. Kanskje er det rettast å seie at den politiske linja til Sireneredaksjonen ikkje er heilt klar eller heilt konsekvent, men at ho går i retning av standpunktet til Robin Morgan.

Allmennpolitikk

Når Sirene tek opp saker som atomkraft, krig, det internasjonale energibyrået (IEA) eller overforbruk, er det for å gå imot dette. Ein kan sjå ein indre samanheng i desse sakene; det er slikt som trugar mennesket sin vidare eksistens på jorda. Sirene tykkjer at kvinnene må ta til orde mot desse trugsmåla, som dei meiner mannssamfunnet har skapt. Det har alltid vore slik at kvinnene, utfrå oppseding og livssituasjon, har tenkt på borna og deira framtid, og det må dei no gjere i global forstand, meiner Sirene. 

I leiaren om atomkraft (2.75) heiter det såleis:

«JORD, VATN, LUFT - dette må vi ha slik naturen har utvikla det, for å kunne overleva.»
«(...) kvinner er i stand til å sjå spørsmål (...) utifra meir livsvernande sider, mindre utifra økonomi og teknologi (...) Det er blant anna derfor det i vår tid er så livsviktig at kvinner kjem ut av sine private sirklar og tek del i arbeid og politikk på alle område.»

Sirene snakkar ofte om systemet som held menneska nede. Ein sosialist vil gjerne tenkje at dei meiner det kapitalistiske produksjonssystemet, ettersom Sirene nettopp går mot resultata av denne produksjonsmåten: overproduksjon/sløsing i ein del av verda og utarming i ein annan, våpenkapplaup, ureining o.l.. Men Sirene snakkar ikkje om kapitalismen. I den grad den økonomiske samfunnsordninga er nemnd, er det nærast som eit underbruk under patriarkatet. Likevel reiser Sirene kampkrav som råkar kapitalismen, t.d. kravet om løna arbeid for alle kvinner eller «Nei til IEA!». Det står i leiarane sine fram som eit radikalt blad, eit blad som vil ha grunnleggjande omveltingar. Sirene har, for å sitere mottoet frå den fyrste tida, «visjonen om noe bedre». Det er mindre klart kvar dei vil rette kampen for å gjere visjonen verkeleg. Dels reiser dei krav til styresmaktene, dels er dei anti-kapitalistar og dels rettar dei skytset mot mannen sitt patriarkalske og sexistiske herredøme. 

1) Magne Raundalen var med på nr. 5-8.75

 
 
 
 

 

© KILDEN 2003. Spørsmål om opphavsrettigheter rettes til KILDEN.