Idrettens kjønnspolitikk

- spor og utfordringar i eit mannsdominert landskap

I 1960- åra vart idrettsjenter med ønsker om å bli fotballspelarar oppfatta og handtert som både latterlege, provoserande og unormale. Jenter og fotball var to åtskilde sfærer. Jenter som hadde «godt tilslag på ballen», som var «raske» og «sterke i nærkampar» var problembarn og ikkje fotballtalentar. Dei representerte forbodne lyster, naturstridig kvinneleghet og lite akseptable kjønnsposisjonar både symbolsk og kulturelt.

Dagens situasjon med ca 70000 kvinnelege fotballspelarar, og fotball som den største og mest populære idretten blant jenter, vitnar om store utviklingssprang og ei ny tid. På fleire måtar eit resultat av ein kvinnekamp krona med suksess. Å vere fotballjente har i dag blitt ein vanleg og attraktiv kvinneidentitet, som gir status blant venner både i skolen og i lokalmiljøet. 

Kvinners mobilisering og kamp på 1970-talet knytt til like rettar og deltaking på likefot, framstår i dette lys som ei suksessforteljing. Ei forteljing om idrettskvinner som med kvinnerørsla i ryggen, utfordra og pressa seg inn i ein av samfunnets mektigaste mannsbastionar. Sett i eit litt vidare perspektiv har likevel dette vore ei utvikling i «slowmotion» som kanskje har vore meir prega av motstand og stopp enn ei jamn rørsle framover mot nye erobringar. 

Ulike deltakingsmønster

Vaksne kvinner er i dag for første gong i historia, like fysisk aktive som menn. Trening spelar ei stadig større rolle for kvinners trivsel og velvere , og representerer for mange eit «frikvarter» i kvardagen (Breivik og Vaagebø 1998, Fasting 2003, Rafoss og Rolland 2001) . 
Dagens situasjon er likevel kjenneteikna av ulike deltakingsmønster og idrettsbehov blant kvinner og menn. Bildet er prega av kjønnssegregering både når det gjeld idrettsformer og organisering. Kvinner trenar i større grad enn menn utanfor den organiserte idretten - i private helsestudios eller i eigenorganiserte former saman med familie og venner (Fasting 2003) . 

Eit interessant spørsmål er om dette er eit resultat av at den organiserte idretten enno har svært få og attraktive aktivitetstilbod for vaksne kvinner. At vaksne kvinner i stor grad må trene og søke aktivitetsfellesskap utanfor det frivilleg organiserte tilbodet; utanfor det organisasjonsfellesskapet som får betydeleg offentleg støtte for å tilrettelegge for «Idrett og fysisk aktivitet for alle» (Stortingsmelding nr 14: 1999-2000)

Avmektig posisjon

Berit Ås (1981) hevdar at når kvinner vel uorganiserte tilpasningar på ein arena prega av sterke organisasjonar, er det teikn på ein svak og avmektig posisjon. Innan Norges idrettsforbund og Olympiske komite, utgjer kvinner om lag 38% av medlemsmassa. Berre om lag 7% av av toppleiarane og 10 % av leiarane i idrettskretsane er kvinner (Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite 2002). Vi ser med andre ord klare konturar av ein kjønnspolitisk situasjon, der kvinner trener og er fysisk aktive som aldri før, men har lite makt og innflytelse i den organiserte idretten. 

I idrettspolitiske diskursar blir kvinners relativt lave engasjement i idretten, framstilt som om at kvinner i dag representerer ein «ubrukt organisasjonsresssurs». Utfrå idrettens hovudmål om idrett for alle blir ein slik karakteristikk i ein viss forstand eit paradoks. Eit hovudfokus der kvinner større grad blir oppfatta som ein ressurs for idretten - enn idretten som ein ressurs for kvinner (Hovden 2000 b). 

Utviklingsspor og faser

På denne bakgrunn vil eg i det vidare ta opp ulike sider ved kvinners kjønnspolitiske situasjon i idretten, og skissere nokre utviklingsspor. Spor som på direkte og indirekte måtar viser både retning, endring og gjenskaping. Skissa vil også antyde korleis kvinnerørsla og statleg likestillingspolitikk påverkar utviklinga. Beskrivelsen omfattar perioden 1970 - 2003 og vil - utfrå skifte i kjønnspolitiske strategiar - vere inndelt i tre fasar. 

[Fase 1: 1970- 1984: Kvinnemobilisering og likestillingsfeminisme]
[Fase 2: 1984 -1994: Kvinnesentrering og krav om makt og innflytelse]
[Fase 3: 1994 - 2003: Full integreing – utan kjønnspolitiske forpliktelsar]

Fase 1: 1970- 1984: Kvinnemobilisering og likestillingsfeminisme

Den eksplosive auken i Norges Idrettsforbund sitt medlemstal på 1970-talet, resulterte i ei mangedobling i medlemsskap blant kvinner. Denne tilstrøyminga var omgitt av eit politisk klima prega av kvinnemobilisering og likestillingsfeminisme. Kvinners stilte krav om lik rett til deltaking i alle idrettar - på lik line med menn . Ideologisk sett var kampen i idretten prega av liberale likestillingsideal og ein statleg idrettspolitikk knytt til det sosialdemokratiske mottoet: «Idrett for alle» (Hovden 2001). Dette mottoet var også inspirert av ei sterk europeisk «Sport for all»-rørsle. 

Myter gravlagde

I 1976 resulterte kvinners krav om lik rett til deltaking til at idrettens største mannsbastion, Norges Fotballforbund, opna sine baner for kvinner. I denne samanheng så vel som i aksjonane for kvinneleg deltaking i Holmenkollstafetten og Birkebeinerrennet, vart tradisjonelle førestillingar om kvinners biologi utfordra og mange myter om kvinner og idrett gravlagde for alltid (Fasting 1982, Lippe 1982). 

Likestilling - nødvendig men utilstrekkeleg

På slutten av 1970-talet erfarte mange kvinner i idretten, som på andre samfunnsområde, begrensingane ved likestillingsorienterte strategiar i arbeidet for reell likestilling og maktutjamning. Kravet om likestilt deltaking viste seg å vere berre eit nødvendig, men langt frå tilstrekkeleg vilkår for å kunne skape resultatlikhet mellom kvinner og menn (Hovden 1989). Sjølv om t.d. fotballklubbane opna sine dører for kvinner, var det lett å registrere at dette ikkje utan vidare resulterte i like deltakingsvilkår. Kvinnefotballen fekk blant anna langt dårlegare treningsvilkår og langt mindre pengar til drift og materiell (Hovden 1986). 

Krav om større kvinnemakt

Debatten rundt Likestillingslova og muleghetar for positiv diskriminering av kvinner, skapte ei erkjenning av at ei reell utjamning og større resultatlikhet mellom kjønn vanskeleg kunne skje utan positiv særbehandling og eigne kvinnetiltak. Dette betydde eit gradvis skifte i kjønnspolitisk strategi. Det politiske fokuset dreia frå likestilling på menns premissar til større kvinnemakt og innflytelse. Det kom krav om fleire kvinner inn i idrettens maktposisjonar, for å kunne sette kvinners behov og interesser sterkare på dagsorden (NIF 1985, Skou 1990). 

Fase 2: 1984 -1994: Kvinnesentrering og krav om makt og innflytelse

I 1984, med viktig drahjelp frå Likestillingsrådet, klarte leiande kvinner i idretten å få gjennomslag for positiv forskjellsbehandling og dermed spesielle tiltak. Det vart opna for ei utprøving av ein dobbel kjønnspolitisk strategi, ein strategi bygd på både kvinnesentrerte tiltak og satsing på større kvinneintegrering. 

Eit sentralt kvinneutval fekk ansvaret for å utarbeide ein handlingsplan for kvinneidretten. Det vart gitt særskilde ressursar til satsinga, heriblant ei konsulentstilling i sentraladministrasjonen med ansvar for iverksetjing og koordinering av handlingsplanen (Skou 1990). 

Kjønnskvotering

Målet om større innflytelse og makt til kvinner, aktualiserte verkemidlar som kjønnskvotering. Den første kvoteringsbestemmelsen vart vedtatt på Idrettstinget i 1987. Bestemmelsen skulle sikre representasjon av begge kjønn i alle styrer, råd og utval. Bestemmelsen vart utforma som ein kjønnsnøytral minimumsbestemmelse og ikke særleg radikal i norsk samanheng. Likevel var den unik sett i forhold til idrettsorganisasjonar i andre land, og resulterte i fleire kvinner i idrettens beslutningsorgan på alle nivå. På 1990-talet vart kvoteringsbestemmelsen institusjonalisert som ein del av NIF's lover. 

Motstand

Den kvinnesentrerte satsinga skapte entusiasme og tru på endring. Likevel vart legitimiteten for ein eigen handlingsplan med separate kvinnetiltak berre vidareført for ein tingperiode om gangen. Det var betydeleg motstand mot ressursar til separate kvinnetiltak, og satsinga var gjenstand for kontinuerleg evaluering (Hovden 2000a). 

Det overordna målet om full integrering vart tolka som om kvinnesentrerte tiltak berre skulle gjelde ein kort overgangsperiode. Når kvinner hadde lært seg spelereglane, ville tida vere inne for likestilt integrering. Utgangspunktet var ei dominerande oppfatning om at kjønn som forskjell og ulikhet, først og fremst handla om kvinner og kvinneproblem. Sjølv om kvinneperspektivet tilsynelatande var akseptert, vart ulikhet mellom kjønn likevel ofte tolka som kvinneleg etterslep. Strategitenkinga var stort sett likestillingsorientert i den forstand at det vart lagt vekt på å gi kvinner tilstrekkeleg kompetanse til å kunne konkurrere med menn på likefot (Hovden 2000a).

Avvikling av kvinnetiltak

I byrjinga av 1990-talet vart den infrastrukturen som var bygd opp, for å initiere, koordinere og implementere særlege kvinnetiltak, gradvis avvikla. Dette skjedde trass i positiv evaluering og motstand frå leiande kvinner i organisasjonen. På idrettstinget i 1994 kom eit grunnleggande skifte av kjønnspolitisk strategi. Ei såkalla «full intergreringsline» vart vedtatt, og kvinneutvalet nedlagt. 
Ei slik avvikling skulle politisk sett vere tufta på ei situasjonsanalyse som viste at kjønnsulikhetane no var blitt så ubetydelege at kvinneretta infrastrukturar var overflødige. Ei slik analyse kom aldri på bordet. Sjølv om kvinnesatsinga og kjønnskvoteringsbestemmelsen hadde bringa kvinner som politisk kategori på dagsorden, var mannsdominansen på dei fleste verksemdsområde lite endra. Dei få kvinnene i topp posisjonar representerte framleis unntaket som stadfesta regelen om det motsette, og kjønnsrelasjonane vitna lite om eit organisasjonshegemoni i forvitring (Hovden 2000 a, NIF 1995). Avviklinga var slik basert på uklare kriterier og skjedde utan ein grunnleggande debatt om kjønnspolitiske konsekvensar.

Fase 3: 1994 - 2003: Full integreing - utan kjønnspolitiske forpliktelsar

Ein strategi basert på såkalt «full integrering» skulle ha ei kjønnsnøytral plattform der likestillingsarbeidet skulle ta utgangspunkt i både kvinner og menns erfaringar, verdipreferansar og tenkemåtar. Dessutan skulle kjønnspolitiske omsyn integrerast og vere forankra på toppen; i Idrettstyret. Det einaste større kvinneretta tiltaket som har blitt gjennomført etter at kvinne- og likestillingsperspektivet vart integrert, er Olympiatoppens kvinneprosjekt 1995-2000 retta mot kvinner i toppidretten. Dette var ei elitistisk storsatsing, for å få fleire OL-gull og fleire kvinnelege trenarar og leiarar med i olympisk samanheng (Skirstad 2000). 

I 1996 oppsummerte Kari Fasting, ein av våre fremste forskarar på idrett og kjønn, at det var lite politisk merksemd rundt kjønn som ulikhet på sentrale område i idretten. Det var vanskeleg å få auge på kva former for likestillingsarbeid idretten prioriterte og korleis organisasjonen konkret arbeidde for å følgje opp sine likestillingspolitiske mål. Organisasjonens vedvarande mannsdominans vart lite problematisert og arbeidet for likestilt kjønnsintegrering lavt prioritert. Den nye politikken som skulle legge vekt på integrering av kjønnsperspektiv på alle verksemdsområde var stort sett usynleg så vel i handlingsplaner som på nye satsingsområde (Hovden 2000a).

Lite kunnskap

NIF har ikkje gjennomført kjønnspolitiske evalueringar i etterkant av integreringsvedtaket i 1994. Det er dermed lite kunnskap om kva kjønnspolitikk som har dominert idretten frå 1994 og fram til i dag. Som antyda er det mykje som tyder på at merksemda mot kjønn som politisk kategori er svekka, og at betydningar av kjønn dermed blir definert av dei som har størst definisjonsmakt i situasjonen Blant anna ser vi stadige tilløp til at kjønn som biologisk og symbolsk forskjell har fått sin renessanse - og særleg i situasjoner der slike forskjellar «lønner seg» (Hovden 2001).

Marknadsstyring

Ei aukande marknadsstyring har blant anna medført nye former for seksualisering og trivialisering av idrettskvinner. Enkeltkvinner har fått muleghetar til å kompensere sitt mindreverd på idrettsmarknaden gjennom å selje sine heteroseksuelle attributtar . Om og korvidt slike tilpassingar er i strid med idrettens grunnverdiar om likeverd, har i liten grad blitt problematisert. Dessutan er det mykje som tyder på at aukande marknadsintegrering fortrenger betydningar av kjønn som absolutt verdi - til fordel for kjønn som marknadsverdi.

Vi ser i dag klare konturar av ein marknadsstyrt kjønnspolitikk der betydningar av kjønn både blir knytt til likhet og forskjell. Om og på kva måte kjønn betyr likhet eller forskjell ser ut til å variere med kjønna maktforhold og kva som lønner seg i forhold til marknadsaktørar. I dette landskapet der likestilling så vel som betydningar av kjønn som forskjell, fungerer som marknadsinstrument, er det stort sett menn – og særleg visse grupper av menn som bestemmer og haustar dei fleste fordelane (Hovden 2001). 

Artikkelen er skrevet av Jorid Hovden, Dr. polit og 1.amanuensis ved Høgskolen i Finnmark. F.t. har hun forskningsmidlar fra programmet: «Idrett, samfunn og frivillig organisering for å utforske ulike sider ved idrettens kjønnspolitikk.»

Litteratur

Breivik, G. og Vaagebø, O. (1998): Utviklingen i fysisk aktivitet i den norske befolkning 1985-1997. Oslo: Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite. 
Fasting, K. (1982): Kvinners engasjement i idrett, i Lippe G. v. d, red: Kvinner og idrett, fra myte til realitet. Oslo: Gyldendal.
Fasting, K. (1996): Hvor går kvinneidretten? Oslo: Norges idrettsforbund.
Fasting, K. ( 2003): Women and sport in Norway, i Hartmann-Tews, I.& Pfister, G, ed. Sport and Women. Social Issues in International perspective. London and New York: Routledge. 
Hovden, J. (1986): Kvinners vilkår for deltaking i organisert idrett. Rapport. Alta: Finnmark distriktshøgskole 
Hovden, J. (1989): Ei framtid for kvinner i organisert idrett? Kvinners interesseforvaltning og ressursforhold i idrettslaga. Nytt om kvinneforskning, (13)4 : 34-45. 
Hovden, J. (2000a): Makt, motstand og ambivalens. Betydningar av kjønn i idretten. Upublisert Dr. polit avhandling. Universitetet i Tromsø.
Hovden, J. (2000b): Eit kjønnsblikk på statleg idrettspolitikk. Paper på Nordisk forskningskonferanse: «Idrettspolitikk som størknet mening og skapende kraft». Forskningsprogrammet: Idrett, samfunn og frivillig organisering. Lifjell hotell, 2.og 4. des. 2000.
Hovden, J. (2001): Likestilling og likeverd i klemme? Eit kjønnsblikk på kampen mellom marknad og frivilleghet i idretten. Kvinneforskning, (24), 3: 30-47.
Lippe, G. v .d (1982): Glimt fra kvinneidrettens historie, i Lippe G. v. d., red: Kvinner og idrett, fra myte til realitet. Oslo: Gyldendal 
Norges Idrettsforbund (1985): Mer idrettslig aktivitet for flere kvinner. Forslag til handlingsplan 1985 - 1987. Oslo: Norges Idrettsforbund.
Norges Idrettsforbund (1995): Resultatrapport for norsk idrett 1994. Oslo: Norges idrettsforbund
Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite (2002): Tilstandsrapport for norsk idrett. Oslo: Norges Idrettsforbund og Olympiske Komite.
Rafoss, K og Rolland, C. (2000): Kvinner tar sats. Paper på Nordisk forskningskonferanse: «Idrettspolitikk som størknet mening og skapende kraft». Forskningsprogrammet : «Idrett, samfunn og frivillig organisering». Lifjell hotell 3.og 4. des. 2000. 
Skirstad, B. (2000): More opportunities for women in top-level sport both as leaders and athletes. Kunnskap om idrett. Oslo: Norges Idrettshøgskole
Skou, G. (1990): Kvinnerettet arbeid i Norges Idrettsforbund - sett i et kvinneperspektiv. En evalueringsrapport. Oslo: Norges Idrettsforbund/Norges Idrettshøgskole.
Stortingsmelding nr 14 (1999-2000): Idrettslivet i endring. Om statens forhold til idrett og fysisk aktivitet. Oslo: Kulturdepartementet.
Ås, B (1981): Kvinner i alle land…. Handbok i frigjøring. Oslo: Aschehoug & Co.

 
 
 
 

 

© KILDEN 2003. Spørsmål om opphavsrettigheter rettes til KILDEN.