Feminisme for meg

Med innvandring har vi fått i klartekst og nær innpå oss kva det patriarkalske univers gjer med kvinner - og menn. Det gjev ny energi til å kjempe mot kvinneundertrykking, både nasjonalt og elles i verda. Det finst restar av patriarkatet i alle samfunn, også utan nyimporterte versjonar. Det er ei grotesk inndeling av menneske og deira rettar basert på korleis kroppen vår ser ut. Det er og blir like diskriminerande og nedverdigande som inndeling etter rase og hudfarge.

Feminisme er for meg også knytta til eit humant og rettferdig samfunn utan stor sosial ulikskap. Rå marknadskapitalisme fremjar ikkje eit slikt samfunn. Det fremjar tvertimot eit sadistisk samfunn, der fremste mål er å nyte og forbruke, sjølv om det skjer på bekostning av andre, økonomisk og seksuelt, og med utarming og øydelegging av jorda som resultat. 

Når kvinner og unge jenter også i dag er redde for å kalle seg feministar - er skapfeministar - fortel det at vi har eit stykke å gå. Det er sant det forfattaren Liza Marklund seier: 
«Alla kvinnor som INTE är feminister är antingen okunniga, ointresserade eller dumma i huvudet.»

 

 
 
 
 

 

© KILDEN 2003. Spørsmål om opphavsrettigheter rettes til KILDEN.